Alghero

kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia

Alghero
Remove ads

Alghero (katalansk l'Alguer, sardisk S'Alighèra) er ein by i provinsen Sassari nordvest på Sardinia i Italia. Kommunen, som ligg ved Middelhavet, har i kring 41 000 ibuarar og dekker eit areal på 224,4 km².

Kjappe fakta Land, Region ...
Thumb
Hamna i Alghero
Remove ads

Språk og soge

Italiensk er offisielt språk, men katalansk er også utbreidd i Alghero.

Inntrengarar frå Katalonia busette seg på staden etter å ha fordrive den opphavlege befolkninga i 1372. Katalansk var offisielt språk fram til 1600-talet. I dag talar eit mindretal av innbyggarane i Alghero ein katalansk dialekt. Dei siste lingvistiske undersøkingane viste at 22,4 % av folket har alguerisk katalansk som førstespråk, og at 90 % av innbyggarane i byen forstår språket.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads