Alkekonge
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alkekonge er ein fugleart i alkefamilien.
Remove ads
Skildring
Alkekongen er den minste av alkefuglane, og det einaste medlemen i si fugleslekt. Han vert 19-21 cm lang med eit vengespenn på 34-38 cm. Vaksne fuglar er svarte på hovud, nakke, rygg og vengar, med kvite undersider. Stjerten er liten, avrunda og svart. Nedre delen av ansiktet og sidene på halsen vert kvite i vinterdrakta. Nebben er kort og butt. Flukta er direkte, med kjappe svirrande vengeslag på grunn av dei korte vengane.
- Læte
Alkekongane kjem med eit utval av kvitring og kallerop i hekkekoloniane. På sjøen er dei stille.
- Utbreiing og taksonomi
Fuglen hekkar i Arktis.[2] Der er to underartar:
- A. a. alle hekkar på Grønland, Island, Spitsbergen og Novaja Zemlja.
- A. a. polaris hekkar på Franz Josef Land.
- Førekomst i Noreg
Alkekongen hekkar ikkje langs fastlandet, men er ein vanleg vintergjest langs kysten i nord, meir spreidd i sør.
- Hekking og levevis

Alkekongane hekkar i store koloniar i fjellsider ved kysten. Paret legg 1 egg i sprekkar og under steinar. Polarmåse og polarrev er dei viktigaste fiendane, men også isbjørnen kan forsyne seg av egga i hekkekoloniane.
- Føde
Fuglane finn maten når dei dukkar i sjøen. Maten er hovudsakleg krepsdyr, i tillegg hoppekreps, virvellause dyr og små fisk. Ved hekkeplassane samlar fuglane seg i svermar både når dei skal ut på sjøen og når dei vender tilbake.
- Trekktilhøve
Mot vinteren dreg fuglane sørover og overvintrar langt nord i Atlanterhavet. Stormar kan blåse fuglane lengre mot sør enn der dei normalt overvintrar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads