All Join Hands

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«All Join Hands» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1984 som den første singelen frå det tolvte studioalbumet deira, Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i ti veker.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart den siste til Slade på den britiske topp 40-lista på sju år.[2] B-sida, «Here's To...», kom sidan ut på samleplata Crackers: The Christmas Party Album i 1985.

12"-singelen inneheldt ein lengre versjon av «All Join Hands» på A-sida. Det vart òg gjeve ut ein avgrensa 12"-vinyl i Storbritannia med to ekstra spor: «My Oh My» og «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')».[3] Sistnemnte hadde tidlegare vore B-side på singelen «(And Now the Waltz) C'est La Vie» i 1982.[4]

Remove ads

Format

7"-singel
  1. «All Join Hands» - 4:15
  2. «Here's To...» - 3:12
12"-singel
  1. «All Join Hands (Extended version)» - 6:15
  2. «Here's To...» - 3:12
12"-singel (UK limited edition release)
  1. «All Join Hands (Extended version)» - 6:15
  2. «My Oh My» - 4:12
  3. «Here's To...» - 3:12
  4. «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 3:28

Salslister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...

Medverkande

Slade
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «All Join Hands» og «My Oh My»
  • Slade - produsentar på «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')»
  • East St. - design og kunst
  • Shoot That Tiger! - logo
  • Tony McConnell - fotografi

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads