All for Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«All for Love» er ein song skriven av Bryan Adams, Robert John «Mutt» Lange og Michael Kamen for filmen The Three Musketeers. Han vart framført av Bryan Adams, Rod Stewart og Sting.[1] Songen vart gjeven ut på CD-singel i USA den 16. november 1993. Han vart ein hit verda over og nådde toppen i både Europa og Nord-Amerika.
Adams spelte eit konsertopptak i 1994 med Luciano Pavarotti, Andrea Bocelli, Nancy Gustafson og Giorgia Todrani. Michael Kamen, som skeiv songen i lag med Adams, dirigerte orkesteret.[2]
Tittelen var inspirert av mottoet til musketerane: «Alle for ein, ein for alle».
Remove ads
Salslister
I USA nådde singelen toppen av Billboard Hot 100 den 22. januar 1994. Han låg på toppen av lista i tre veker.[3] Han selde 1,2 millionar eksemplar i landet, som var nok til platinaplate.[4][5][6] I Noreg låg songen seks veker på toppen av VG-lista i desember 1993 og januar 1994. I 2007 gav det svenske bandet E.M.D. ut ein versjon av songen som gjekk til topps i Sverige.[7]
Vekeslister
Årslister
Tiårsliste
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads