All the Way from Memphis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«All the Way from Memphis» er ein song av Mott the Hoople gjeven ut som den første singelen frå albumet Mott i 1973. Songen fortel ei soge om ein rockeartist som får gitaren sin sendt til Oriole i Kentucky,[2] i staden for til Memphis i Tennessee.[3] Songen nådde tiandeplassen på UK Singles Chart.[4] Sjølv om han ikkje gjekk inn på salslista i USA, vart han mykje spelt på album-orienterte rockestasjonar.
«All the Way from Memphis» vart spelt av Brian May i 1998 på albumet hans Another World med Hunter som gjesteartist. Han vart òg framført av supergruppa Contraband på det einaste albumet deira i 1991. Det britiske rockebandet Thunder framførte songen på scenen og versjonar kom ut på fleire samlealbum. Det britiske punkbandet Abdoujaparov spelte songen i 2002 på albumet deira Air Odeon Disco Pub.
Den svenske artisten Magnus Uggla har sagt at han var inspirert av songen då han skreiv den første hitsingelen sin, «Varning på stan» i 1977.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads