Allehande

From Wikipedia, the free encyclopedia

Allehande
Remove ads

Allehande; òg kalla nellikpepar (Pimenta dioica, tidegare Pimenta officinalis) er eit eviggrønt, om lag 10 meter høgt tre som har sitt opphav på Jamaica og Mellomamerika. Frøa i fruktene blir brukte som krydder. Dei blir hausta før dei er modne og sidan tørka.

Kjappe fakta
Remove ads

Historie

Under Christofer Columbus' andra reise til Karibia fann ekspedisjonen allehandetre. Dei meinte det var pepartre, sidan frøa liknar.[1]

Då England tok makta i Jamaica omkring 1655 kom handelen med allehande i gang. Krydderet fekk ulike namn, som engelsk allspice, fransk toute-épice, dansk allehånde og svensk kryddpeppar.[2]

Krydderet vart mellom anna brukt på flesk for å døyve harsk smak. I Frankrike vart allehande brukt i likørar.

Allehande blir hovudsakleg brukt i Mellomamerika, Storbritannia og i Skandinavia[1] - skandinavene kjøper ein tredel av allehanden som blir omsett på verdsmarknaden. Allehande inneheld eugenol, som er ein sterk antioksidant.[1]

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads