Allier

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Allier
Remove ads

Allier (oksitansk: Alèir) er eit departementet sør i sentrale område av Frankrike kalla opp etter elva med same namn.

For elva med same namn, sjå elva Allier
Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Allier er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen den 4. mars 1790. Han vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Auvergne og Bourbonnais.

I 1940 valde Philippe Pétain og Vichy-regimet byen Vichy som hovudstad.

Geografi

Departementet ligg i regionen Auvergne og er omringa av dei franske departementa Cher, Nièvre, Saône-et-Loire, Loire, Puy-de-Dôme, og Creuse.

Følgjande elvar renn gjennom Allier:

Økonomi

Allier er det mest produktive jordbruksområdet i Auvergne. Vichy har lenge vore kjend for vatnet sitt, som vert eksportert til heile verda.

Demografi

Montluçon, Vichy og Moulins er dei største byane. Resten av deperatement består av mindre byar, hovudsakleg langs elvane. Departementet er generelt tynt folkesett. Folkesetnaden auka fram til slutten av 1800-talet på grunn av vekst i industrien i Montluçon og Moulins og utviklinga av varmekjeldene i Vichy. På denne tida hadde departementet over 420 000 innbyggjarar. Etter tap under den første verdskrigen stagnerte folkeveksten, bortsett frå ei lita auke i 1960-åra. Sidan den gong har folketalet minka litt frå 386 533 i 1968 til 344 721 i 1999.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads