Nièvre

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Nièvre
Remove ads

Nièvre er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne og er kalla opp etter elva Nièvre.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Nièvre er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare provinsen Nivernais.

Geografi

Nièvre er ein del av regionen Bourgogne, men var tidlegare ikkje ein del av provinsen Burgund. Departementet grensar til departementa Yonne, Côte-d'Or, Saône-et-Loire, Allier, Cher og Loiret.

Vin

Nièvre er velkjend for kvitvinen Pouilly Fumé, som vert produsert her. Vingardane er spreidd rundt landsbyar som Pouilly-Sur-Loire, som er opphav til namnet, Tracy sur Loire, Boisgibault og Saint Andelain. Dei einaste druene som er tillatne i Pouilly-Fumé AC er Sauvignon Blanc, som gjev vin som er generelt skarp og noko grasgrøn.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nièvre


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads