Almak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Almak
Remove ads

Gamma Andromedae (Gamma And, γ And, γ Andromedae) er den tredje lysaste stjerna stjernebiletet Andromeda. Ho er òg kjend med det tradisjonelle namnet Almach (òg skrive Almaach, Almaack, Almak, Almaak eller Alamak).

Thumb
Almach
Thumb
Stjernesystemet (ikkje i skala)
Kjappe fakta Karakteristikk, Astrometri ...

I 1778 oppdaga Johann Tobias Mayer at γ Andromedae var ei dobbeltstjerne. I eit lite teleskop ser ho ut som ei lys, gyllengul stjerne (γ1 Andromedae) ved sidan av ei dimmare, indigoblå stjerne (γ2 Andromedae), med ein avstand på kring 10 bogesekund. Ho vert ofte rekna som ei vakker dobbeltstjerne av stjernekikkarar på grunn av denne fargekontrasten.[6][1][7] Det vart seinare oppdaga at γ2 Andromedae igjen er eit tredobbelt stjernesystem. Det som ser ut som ei enkel stjerne med det nakne auga er eit firedobbelt stjernesystem som ligg kring 350 lysår frå jorda.[6][8]

Remove ads

γ1 Andromedae

γ1 Andromedae er ei lyssterk kjempestjerne med spektralklasse K3IIb. Ho har ein tilsynelatande storleiksklasse på kring 2,26.[2]

γ2 Andromedae

Kjappe fakta Karakteristikk, Astrometri ...

γ2 Andromedae, med ein samla tilsynelatande storleiksklasse på 4,84,[10] er 9,6 bogesekund unna γ1 Andromedae med ein posisjonsvinkel på 63 grader.[5] I oktober 1842 fann Wilhelm Struve ut at γ2 Andromedae sjølv var ei dobbeltstjerne, der dei to komponentane var skilde av mindre enn eitt bogesekund.[15] Komponentane er eit objekt med ein tilsynelatande storleiksklasse 5,5, γ Andromedae B, og type-A hovudseriestjerne med tilsynelatande storleiksklasse 6,3, γ Andromedae C.[10] Dei har eit krinslaup som varer kring 64 år.[13] Spektrogram teken frå 1957 til 1959 avslørte at γ Andromedae B igjen var ei dobbeltstjerne som bestod av to type-B hovudseriestjerner som krinsa rundt kvarandre med ein periode på 2,67 dagar.[11]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads