Almere

From Wikipedia, the free encyclopedia

Almere
Remove ads

Almere er ein kommune og by i Nederland i provinsen Flevoland. Kommunen grensar til Lelystad og Zeewolde.

Kjappe fakta Land, Provins ...

Almere er ein av dei nyaste byane i Nederland og det første huset stod først ferdig i 1976, og Almere vart ein kommune i 1984. Han er den største kommunen i Flevoland med over 193 000 innbyggjarar og den sjuande største i Nederland. I oktober 2007 la byrådet i Almere fram planar om å utvide byen til 350 000 innbyggjarar innan 2030.

Remove ads

Historie

Almere ligg i IJsselmeerpolderane og landområdet skulle opphavleg nyttast til jordbruk. Etter den andre verdskrigen vart det i staden lagt fram planar om å huse nokre av innbyggjarane i den raskt veksande Amsterdam. To byar i polderane Oostelijk Flevoland og Zuidelijk Flevoland vart derfor planlagt. Byen Oostelijk Flevoland vart Lelystad, og byen Zuidelijk Flevoland vart framleis kalla Zuidweststad på dei første teikningane, men i 1970-åra fekk han namnet Almere, som var eit tidleg namn på Zuiderzee i mellomalderen der byen i dag ligg. Dei første husa i Almere var ferdig i 1976. Byen vart då framleis styrt av Openbaar Lichaam Zuidelijke IJsselmeerpolders (Z.IJ.P.), med ein Landdrost. I 1984 vart Almere offisielt ein kommune. Opphavleg var det tenkt at Almere skulle vere ein by med fleire senter, men denne planen vart skrinlagd og i staden vart nabolag som Tussen de Vaarten bygd.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads