Almost in Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Almost in Love er det 39. albumet til Elvis Presley, gjeven ut i november 1970 på billigselskapet RCA Camden. Det var det førte av fleire album på RCA Camden med songar som berre tidlegare hadde vore tilgjengeleg på singlar eller EP-ar.
Her finst mellom andre «A Little Less Conversation» frå filmmusikken til Live a Little, Love a Little frå 1968 og «Rubberneckin», ein singel frå 1969 frå filmen Change of Habit som vart spelt inn i Memphis under innspelingane der i 1969. Songen vart seinare miksa av Paul Oakenfold i 2003.
Songen «Stay Away, Joe» (kjenningsmelodien til filmen med same namn frå 1967) vart feilaktig teken med, sidan han alt var gjeven ut tidlegare i 1970 på samlealbumet Let's Be Friends). Då RCA gav ut Almost in Love på ny i 1973, vart han erstatta med ein annan song, «Stay Away», frå same filmen. Denne hadde ikkje tidlegare blitt gjeven ut på noko album.
Tittelsporet på albumet er ein song frå filmen Live a Little, Love a Little frå 1968. Albumet vart gjeve ut på ny av Pickwick Records med eit anna plateomslag i 1975 og seinare på CD i 2006. Det selde til gullplate og platinaplate 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[3]
Remove ads
Innhald
Det siste sporeet vart erstatta på nyutgjevinga i 1973 og CD-utgåva i 2006:
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads