Alpekråke

fugleart i kråkefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia

Alpekråke
Remove ads

Alpekråke (Pyrrhocorax pyrrhocorax) er ein kråkefugl. Arten finst i Asia og i  Europa i sør, i Alpane under snøgrensa og på dei britiske øyane, i tillegg til i Etiopia i Afrika.

Kjappe fakta

Fuglen har eit raudfarga nebb som er langt og nedoverbøygd. Også føtene er raude. Fjørdrakta er blanksvart. Alpekråke er rundt 40 cm lang, med ein stjert på rundt 15 cm. Vengespennet er 68-80 cm og fuglen kan vega opptil 250 gram. Alpekråke liknar kaie, men flyg lettare og er meir forsiktig. Ungfuglen har eit gult nebb som seinare vert raudt.

Hoa legg egg mellom april og juni. Kvar fugl legg 3-6 egg som er brun- eller gråflekka med gulkvit grunnfarge. Reiret er som regel plassert i klipper i eit hol eller ei grotte.

Alpekråke lever av insekt, terrestriske blautdyr og andre virvellause dyr.

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Alpekråke
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads