Alpekaie
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alpekaie (Pyrrhocorax graculus) er ein fugl i kråkefamilien, ein av berre to artar i slekta Pyrrhocorax. Den andre arten er alpekråke, Pyrrhocorax pyrrhocorax. Alpekaia hekkar i høgfjellet frå Spania austover gjennom Sør-Europa og gjennom Nord-Afrika til Sentral-Asia, India og Kina, og ho kan hekke på ei høgare høgd enn nokon annan fugl.
Remove ads
Skildring
Denne fuglen er 36 til 39 cm i lengd, har glansfull, svart fjørdrakt, eit gult nebb, raude bein, og karakteristisk læte. Han har ei spenstig akrobatisk flyging med utbreidde vengefjører. Alpekaier dannar par for livet og viser truskap til same hekkeområde. Dei beitar vanlegvis i flokkar, tar hovudsakleg virvellause byttedyr om sommaren og frukt om vinteren. Dei hekkar vanlegvis i hòlrom og sprekkar i utilgjengeleg fjellsider, men vil òg bruke opningar mellom steinar,[1] og hentar føde i opne habitat som alpine enger og steinurer opp til tregrensa eller lågare, og om vinteren vil ofte samlar seg rundt menneskelege busetjingar.[2] Alpekaier byggjer eit fora reir av trepinnar og legg tre til fire brunflekka kvitaktige egg. Egga har tilpassingar til den tynne atmosfæren som betrar oksygenopptak og reduserer vasstap.
Alpekaia hekkar i fjellet frå Spania austover gjennom det sørlege Europa og Alpane tvers over til Sentral-Asia og Himalaya til vestlege Kina. Det finst òg bestandar i Marokko, på Korsika og Kreta. Ho er standfugl i heile utbreiingsområdet sitt, sjølv om marokkanske fuglar har etablert ein liten koloni i nærleiken av Malaga i Sør-Spania, og andre har nådd Tsjekkoslovakia, Gibraltar, Ungarn og Kypros.[3] Dette er ein art som hekkar i stor høgd, normalt mellom 1260-2880 moh. i Europa, 2880-3900 m i Marokko, og 3500-5000 m i Himalaya.[3] Eit par har bygd reir på 6500 moh., høgare enn nokre andre fugleartar, [4] overgår jamvel alpekråke som har eit kosthald som er mindre godt tilpassa dei høgaste høgdene.[5] Fjellklatrarar på Mount Everest har observert alpekaier i ei høgd på 8200 m.[6]
Sjølv om alpekaia er utsett for predasjon og parasittisme og endringar i landbruket i praksis har medført at lokale populasjonar går ned, er arten vidt utbreidd og vanleg, og ikkje truga globalt.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads