Gemma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gemma eller Alfa Coronae Borealis (α CrB, α Coronae Borealis, Alphecca) er ei dobbeltstjerne i stjernebiletet Den nordlege krona. Ho ligg kring 75 lysår frå solsystemet.
Remove ads
Eigenskapar
Hovudkomponenten er ei kvit stjerne i hovudserien med spektralklasse A0V og 2,6 gonger massen til sola. Estimat av radiusen til stjerna varierer frå 2,89 til 3,04 gonger radiusen til sola.[2][5] IRAS har målt eit infraraud eksess i 24 μm og 70 μm kring primærstjerna.[7] Dette indikerer at det ei stor skive med støv og materiale kring Gemma, og ein har spekulert i om dette kan vere eit planet- eller protoplanet-system, som liknar der ein finn kring Vega.
Sekundærkomponenten er ei gul hovudseriestjerne med ein estimert storleiksklasse G5, 0,92 gonger massen til sola og 0.90 gonger solradiusen. Røntgenstråling frå stjerna er 6 × 1028 erg-1, som er 30 gonger høgare enn den kraftigaste strålinga frå sola. Dette høgare aktivitetsnivået er venta av ei ung stjerne i denne klassen. Koronaen har ein temperatur på kring 5 MK, som er mykje varmare enn koronaen til sola. Den øvre grensa på 14 km/s for den ekvatoriale rotasjonssnøggleiken, som svarar til ein rotasjonsperiode på tre dagar. Truleg er rotasjonsperioden storts ett kring 7,9 dagar.[2][5]
Stjernene krinsar rundt kvarandre i ein eksentrisk bane kvar 17,36 dagar. Fordi planet til banen har ein vinkel på 88,2° i forhold til synslinja frå jorda,[5] dannar paret ei formørkande dobbeltstjerne liknande Algol (β Per). Den periodiske formørkinga fører til ein variasjon i storleiksklasse på +2,21 til +2,32,[8] som nesten ikkje er merkbart for det nakne auga.
Remove ads
Namn
Stjerna har dei tradisjonelle namna Alphekka, Gemma, Gnosia (Gnosia Stella Coronae) og Asteroth (Ashtaroth).
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads