Alpilles

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alpilles
Remove ads

Alpilles er ei lita fjellkjede i Provence, sør i Frankrike, om lag 20 km sør for Avignon.

Thumb
Alpilles-landskap nær Le Destet. Ein kan tydeleg sjå tre typar landskap her: dyrka land i dei lågare slettene, tre ved foten av fjellet, og berr stein på toppane.

Geografi

Fjellkjeda er eigentleg ei forlenging av den mykje større kjeda Luberon. Sjølv om ho ikkje er særleg høg, berre 387 meter på det høgaste, er ho lett synleg der ho stig bratt opp frå den flate sletta i Rhônedalen. Kjeda er om lag 25 km lang og mellom 8 og 10 km brei, og går frå aust til vest mellom elvane Rhône og Durance.

Landskapet i Alpilles er tørre kalksteinstoppar med tørre dalar i mellom.

Remove ads

Dyre og planteliv

Dei lågare fjellsidene er planta med oliven og mandeltre med kermeseik og furu i tillegg. Mykje av fjellkjeda består derimot av berr stein eller steinete overflater med kratt og underskog.

Dei høgaste delane av fjellkjeda er eit naturreservat der ein finn fleire sjeldne artar, inkludert Bonellis ørn, egyptisk gribb og hornugle. Nokre av desse artane vart sett ut i Alpilles i 1980-åra.

Ymse

Thumb
Les Alpilles (1889), måla av van Gogh medan han hvar i Saint-Rémy

Vincent van Gogh måla fleire landskap i Alpilles medan han var i Saint-Rémy-de-Provence på nordsida av fjella.

Dei tolv kommunane som ligg i området rundt Alpilles vart erklært «Regional Parc» i 2007, slik at det vert verna av EU sin miljøvernsplan Natura 2000.

Alphonse Daudet sin roman Tartarin sur les Alpes frå 1885, som er oppfølgjaren til Tartarin de Tarascon frå 1872 finn stad i Alpilles.

Den franske motstandsrørsla mot den tyske okkupasjonen av Frankrike under den andre verdskrigen byrja i desse fjella.

Turistattraksjonar i og rundt Alpilles

  • Vindmøllene i Fontvieille og Alphonse Daudet
  • Les Baux de Provence
  • Saint-Rémy-de-Provence og ruinane av den romerske byen Glanum
  • Arles
  • Orgon
  • Montmajour Abbey
  • Eygalières
  • Saint-Étienne-du-Grès
  • Eyguières
  • Lamanon
  • Mouriès
Thumb
Panorama av Alpilles

Bakgrunnsstoff

43°45′00″N 4°50′00″E


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads