Alpine greiner under Vinter-OL 1964
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alpine greiner under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart avvikla i tida 30. januar - 8. februar 1964, der både menn og kvinner tevla i tre øvingar kvar. Mennene sitt utforrenn gjekk føre seg på fjellet Patscherkofel, alle dei andre øvingane fann stad ved skianlegget Axamer Lizum, ei 12-13 kilometer sørvest for Innsbruck.


Dei seks olympiske øvingane gjaldt òg som den 18. verdsmeisterskapen i alpine greiner, det gjorde i tillegg to kombinasjons-øvingar, ei for menn og ei for kvinner, utrekna på poeng basert på tidsbruken i dei ulike olympiske greinene; slalåm, storslalåm og utfor.
Remove ads
Oversyn
174 utøvarar frå 31 land var påmeld dei alpine øvingane. Dei 18 OL-medaljane vart fordelt til einast fire land, og alle dei seks gullmedaljane vart likt fordelt mellom Frankrike og arrangørlandet Austerrike. Dei franske systrene Christine og Marielle Goitschel vart forgrunnsfigurar med kvar si gull- og sølvmedalje, Marielle vann i tillegg eitt VM-gull.
Ross Milne frå Australia omkom den 25. januar då han under trening i utforløypa køyrde ut og trefte eit tre og fekk dødelege hovudskadar.
Remove ads
Menn
Slalåm
7./8. februar
Start: 1730 moh, mål: 1600 moh
Løypelengd: 350 m, høgdeskilnad: 130 m
Start: 1770 moh, mål: 1570 moh
Løypelengd: 470 m, høgdeskilnad: 200 m
Storslalåm
Dato: 2. februar
Start: 2100 moh, mål: 1570 moh
Løypelengd: 1250 m, høgdeskilnad: 530 m
Utfor
Dato: 30. januar
Start: 1952 moh, mål: 1085 moh
Løypelengd: 3120 m, høgdeskilnad: 867 m
Remove ads
Kvinner
Slalåm
Dato: 1. februar
Start: 1730 moh, mål: 1600 moh
Løypelengd: 350 m, høgdeskilnad: 130 m
Storslalåm
Dato: 3. februar
Start: 2050 moh, mål: 1550 moh
Løypelengd: 1250 m, høgdeskilnad: 500 m
Utfor
Dato: 6. februar
Start: 2310 moh, mål: 1605 moh
Løypelengd: 2510 m, høgdeskilnad: 705 m
Menn
Kvinner
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1964/Ski Alpin» frå Wikipedia på tysk, den 23. desember 2014.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads