Karl Schranz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karl Schranz (fødd 18. november 1938) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå St. Anton am Arlberg i Tirol som vann verdscupen i alpine greiner både i 1969 og 1970. Han vart dobbeltvinnar under VM i alpine greiner 1962 med sigrar i utfor og kombinasjonen og vart verdsmeister i storslalåm i 1970. Schranz vann 12 renn i verdscupen.
I 1972 vart Schranz grunna brot på amatørreglane utestengd frå vinter-OL i Sapporo. Etter utestenginga la Schranz opp som alpinist.
Schranz bidrog mykje til at VM i alpine greiner 2001 vart arrangert i heimbyen St. Anton, der han eig og driv eit hotell.
Remove ads
Merittar
- VM i alpine greiner 1962 i Chamonix: Gullmedalje i utfor og kombinasjon, sølv i storslalåm
- Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Sølvmedalje i storslalåm
- VM i alpine greiner 1966 i Portillo: Bronsemedalje i storslalåm
- VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina : Gullmedalje i storslalåm
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads