Altranstädt-traktaten i 1707
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Altranstädt-traktaten eller Altranstädt-kovnensjonen vart signert mellom Karl XII av Sverige og Josef I av Det tysk-romerske riket den 31. august 1707. Han slo fast rettane til protestantane i Schlesien.

Historisk samanheng
Sjølv om reformasjonen hadde påverka Schlesien i stor grad, hadde dei habsburgske keisarane gjort ein motreformasjon i provinsen på 1700-talet.[1] Særleg i Øvre Schlesien var dette ein suksess: tidleg på 1700-talet var nesten halvparten av innbyggjarane i Schlesien katolikkar, og kring 1000 kyrkjer hadde vorte omgjort frå protestantiske til katolske kyrkjer.k[1] Freden i Westfalen (1648) verna berre protestantane i hertugdøma Brieg, Liegnitz, Münsterberg, Öls, Wohlau og i byen Breslau.[1] I hertugdøma Jauer, Glogau og Schweidnitz, fekk protestantane lov til å halde tre «fredskyrkjer» (Friedenskirchen) utanfor bymurane.[1] Etter 1675, vart berre Breslau og hertugdømet Oels spart for motreformasjonen, og «fredskyrkjene» vart oppheva, trass i protestar frå Sverige og protestantiske statar i Det tysk-romerske riket.[2]
Under den store nordiske krigen hadde Karl XII av Sverige marsjert armeen sinn gjennom Schlesien og okkupert Kurfyrstedømet Sachsen, der han tvinga fienden, kurfyrsten August den sterke, inn i Altranstädt-traktaten i 1706.[3]
Remove ads
Vilkår
Under opphaldet i Altranstädt i Sachsen, nær Leipzig, forhandla Karl XII fram ein avtale til med den habsburgske keisaren.[1] Josef I gjekk med på å gje attende fleire kyrkjer til dei protestantiske samfunna og tillet å reise seks «nådekyrkjer».[1] «Nådekyrkjene» vart reist i Freystadt, Hirschberg, Landeshut, Militsch, Sagan og Teschen,[2] 125 kyrkjer vart gjevne attende.[4] Josef I stoppa òg vidare motreformasjonar.[5] Tre protestantiske kyrkjeråd vart tillatne, og lutheranismen vart teke opp att i Schlesien.[4]
Avtalen vart forhandla i Altranstädt frå april 1707.[6] Josef I signerte konvensjonen for å hindre Karl XII frå å gå inn i den spanske arvefølgjekrigen på fransk side,[6][7] og heldt ei streng romersk-katolsk linje i dei andre arveområda sine.[4] Då Schlesien vart ein prøyssisk provins i 1742, verna den protestantiske prøyssiske kongen dei romersk-katolske sine rettar og eigedomar med freden i Breslau.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads