Amalienborg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
DK 55°41′2.8212″N 12°35′36.629″E
Amalienborg er eit slottsanlegg i Frederiksstaden i København og hovudresidens for den danske monarken. Anlegget inneheld fire bortimot like palé rundt ein åttekanta plass. Midt på plassen står J.F.J. Saly sin ryttarstatue av Fredrik V.
Slottsanlegget er eit hovudverk i dansk byggekunst og sannsynlegvis det finaste stykke rokokkoarkitektur i Danmark.[1] [2]
Bygningane vart reiste i åra 1750–1768 etter teikningar av Nicolai Eigtved, Laurids de Thurah, Christian Joseph Zuber og Philip de Lange. Det har namn etter dronning Sophie Amalie, som først oppførte lystslottet Sophie Amalienborg her i 1660-åra.
Amalienborg er freda.[3]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads