Amantle Montsho
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amantle Montsho (fødd 4. juli 1983) er ein friidrettutøvar frå Botswana som tevlar internasjonalt i 400-meterløp. Ho vann VM-gull på 400 meter med ny personleg rekord på 49,56 sekundar i Daegu i 2011. Det var den aller fyrste VM-medaljen vunnen av ein utøvar frå Botswana. To år seinare tok ho sølvmedaljen i same øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva, slått på målstreken av britiske Christine Ohuruogu, begge fekk tida 49,41. Tidlegare i 2013 hadde Montsho forbetra sin personbeste til 49,33 sekundar under eit stemne i Monaco.
Remove ads
Montsho testa postivt på metylheksanamin, eit stoff på dopinglista, under Samveldeleikane 2014 i Glasgow. Ho vart deretter utestengd frå idrett i to år.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Amantle Montsho» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads