Al-Amarah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amarah (arabisk العمارة, Al ‘Amārah, òg skrive Amara) er ein by i det søraustlege Irak ved breidda av Tigris sør for Bagdad, kring 50 km frå grensa til Iran. Han ligg heilt nord i myrlandskapet mellom Tigris og Eufrat.[1]
Han er hovudsakleg busett av sjiamuslimar, og hadde kring 340 000 innbyggjarar i 2002 og 420 000 i 2005.[2] Byen er det administrative senteret i guvernementet Maysan. Staden er eit stort handelssenter for det kringliggande jordbruksområdet, og er kjend for vevevarer og sølvarbeid.
Remove ads
Klima
Amarah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med ekstremt varme og tørre somrar og kjølige, våtare vintrar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads