Maysan guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maysan guvernement (arabisk محافظة ميسان, romanisert Muḥāfaẓat Maysān) er eit guvernement søraust i Irak, ved grensa til Iran. Det administrative senteret er byen Amarah. Før 1976 hadde det heitt Amara guvernement.
Remove ads
Andre språk
Regionen vart kalla Messène (gammalgresk Μεσσήνη) av dei gamle grekarane (Strabon), Mays̲h̲an på gammalsyrisk, Mēs̲h̲ān på mellompersisk og partisk (𐭌𐭉𐭔𐭍, Myšn), Mēs̲h̲un på armensk, Maysān (ميسان) på arabisk og T’iao-tche i Han-kjelder.[2]
Dei fleste innbyggjarane er sjia-arabarar. I sør ligg mange av Dei mesopotamiske sumpene, og området har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar.
Remove ads
Historie
Aleksander den store grunnla byen Kharax Spasinu i 324 fvt. i denne regionen. Byen vart seinare hovudstad i Kharakene. Byen finst som ruinar i Naysan.
Området leid stort under den iransk-irakiske krigen og var då ei stor slagmark, og igjen under det irakiske opprøret i 1991.
Distrikt
- Ali Al-Gharbi (علي_الغربي)
- Amara (العمارة)
- Al-Kahla (الكحلاء)
- Al-Maimouna (الميمونة)
- Al-Mejar Al-Kabi (المجر الكبير)
- Qal'at Saleh (قلعة صالح)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads