Amarok

From Wikipedia, the free encyclopedia

Amarok
Remove ads

Amarok er ein open kjeldekode-lydavspelar for Unix-liknadne operativsystem. Amarok er ein del av KDE, men vert utvikla uavhengig av resten av KDE. Amarok er òg tilgjengeleg for Mac OS X og Windows, men utan brukarstøtte.

Kjappe fakta Skapar, Utgjeve ...
Remove ads

Format

Amarok handsamar fleire format, som WAV, FLAC, Ogg Vorbis, AACand, MP3, AAC, WMA, Apple Lossless, WavPack, TTA, Musepack og RealMedia. Det er òg støtte for Last.fm og Magnatune. Det er òg funsksjonalitet for å ta imot audiostraumar og podcast frå internett.

Musikkbibliotek

Amarok organiserer musikkfiler i eit musikkbikliotek, som òg tek vare på metadata og har innebygd ymse funksjonalitet for sortering og filtrering. Amarok let ein setta opp såkalla «smarte spelelister» etter ulike kriterium.

Informasjonshandsaming

Amarok skil seg frå dei fleste andre lydavspelarane ved at det handsamar kontekstinformasjon, som informasjon om musikken, lyrikk, musikarane og så vidare. Noko av denne informasjonen vert henta frå Wikipedia. LibriVox kan nyttast for å lesa opp informasjon. Amarok har innebygd ein eigen database der denne informasjonen vert lagra. Når ein spelar av musikk syner Amarok denne informasjonen, som òg kan tilpassart interessane til lyttaren.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads