Amazilia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Amazilia
Remove ads

Amazilia er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei lever i Sentral-Amerika og vestlege Colombia og Ecuador.

Kjappe fakta

Slekta Amazilia vart introdusert i 1843 av den franske naturforskaren René Lesson.[1] Lesson hadde brukt amazilia i 1827 som det spesifikke tilnamnet til amaziliakolibrien som no er den einaste arten plassert i slekta Amazilis.[2] Typearten vart deretter utpeika som kanelkolibri, Amazilia rutila.[1] Slektsnamnet Amazilia kjem frå inkaheltinna i romanen Les Incas, ou la destruction de l'Empire du Pérou av Jean-François Marmontels.[1]

Tidlegare inkluderte denne slekta mange fleire artar. Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2014 fann at den store slekta var polyfyletisk.[3] I den reviderte klassifiseringa for å lage monofyletiske slekter vart artar flytta til Leucolia, Saucerottia, Amazilis, Uranomitra, Chrysuronia, Polyerata, Chionomesa, Elliotomyia og Chlorestes.[4]

Remove ads

Skildring

Dette er mellomstore kolibriar, kroppslengda er ca. 9 til 11 centimeter inkludert nebbet. Dei fleste har raud farge i nebbet, oftast i undernebbet, men hos nokre artar òg gjennom heile nebbet unntatt tuppen som alltid er mørk. Alle manglar sterkt iriserande strupeflekk som ein finn i mange andre kolibrislekter.[5]

Artslista

Amazilia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[7] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[8]

  • Kanelkolibri, Amazilia rutila, Cinnamon hummingbird, (Delattre, 1843), (LC)
Lever mot stillehavskysten av Sentral-Amerika, nokre på nordaustre Yucatánhalvøya.
  • Yucatánkolibri, Amazilia yucatanensis, Buff-bellied hummingbird, (Cabot, S, 1845), (LC)
Hekkar og overvintrar på Yucatánhalvøya og mot golfkysten av Mexico, delar av populasjonen overvintrar nordvestover i sørvestlege USA.
  • Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, Rufous-tailed hummingbird, (de la Llave, 1833), (LC)
Lever frå Mexico gjennom Sentral-Amerika og i vestre delar av Colombia og Ecuador.
  • Honduraskolibri, Amazilia luciae, Honduran emerald, (Lawrence, 1868), (VU)
Finst sparsamt i Honduras.
  • Mangrovekolibri, Amazilia boucardi, Mangrove hummingbird, (Mulsant, 1877), (EN)
Finst i mangrovar på stillehavskysten av Costa Rica.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads