Amazonastapir
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amazonastapir (Tapirus terrestris) er eit hovdyr som lever i Amazonasbekkenet. Det trivst på våtmark og i regnskog. Amazonastapir er ein av fire tapirartar som alle tilhøyrer same slekt Tilsaman utgjer artane tapirfamilien (Tapiridae).
Amazonastapir skil seg frå dei andre tapirane gjennom å ha ein definert strittande man på nakkekammen, som byrjar på hovudet og spring langs nakken og ned mot skuldrene. Han blir kring 170–200 cm lang og oppnår normalt ei vekt på cirka 181–226 kg, og er dermed mellomstor som tapir.[1]
Nyare forsking har vist at denne arten har spesielt stor genetisk spreiing, men det er uklart om spreiinga kjem av ulike underartar eller endå ein eller fleire uoppdaga artar. Cozzuol m .fl. (2013) antydar minimum fem kladar (inkludert T. pinchaque), to av dei grunnlegjande.[2] Det var slik ein oppdaga dvergtapiren (Tapirus kabomani), som forskarane tidlegare trudde var ein variant av amazonastapiren.
Remove ads
Slektstre
Slektstreet nedanfor er ifølgje Cozzuol m. fl. (2013).[2]
Tapirus |
| ||||||||||||||||||||||||
Galleri
- Tapirunge
- Symjande tapir i Venezuela.
- Tapir i Ecuador.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads