Brasiland

art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Brasiland
Remove ads

Brasiland (Amazonetta brasiliensis) er ei and frå Sør-Amerika, den einaste arten innan slekta Amazonetta. Endene lever i den austre delen av Sør-Amerika, frå Uruguay til det nordlege Argentina, men dei fleste held til i det nordlege og sentrale Brasil.

Kjappe fakta
Thumb
Brasilender.
Foto: Raimond Spekking
Thumb
Brasilandegg.
Remove ads

Skildring

Fargen på brasilendene er lysebrun. Andrikane skil seg frå hoene ved at dei har raude nebb og føter, og ein lysegrå flekk på sida av halsen og hovudet. Hoene sine fargar er meir avdempa.

Levevis

Endene lever i par og smågrupper på opptil tjue fuglar. Begge foreldra passar ungane. Vaksne ender et insekt, røter, frukter og frø, medan andungane berre et insekt. Dei føretrekk å bu i eit vatn omgitt av tett plantevekst.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads