Hals
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halsen er den kroppsdelen som bind saman kroppen og hovudet hjå dei fleste virveldyr. «Hals» blir òg brukt i overført tyding om noko langt og smalt, til dømes båthals, flaskehals, lårhals.

- Denne artikkelen handlar om kroppsdelen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hals (fleirtyding).

Anatomi
I halsen sit strupen og skjoldbruskkjertelen, medan luftrøyret, matrøyret, ryggraden, blodårer, nerver og musklar går gjennom han.
Kultur
Halsen blir ofte brukt til å henga smykke rundt, eller han kan dekkast til med ein krage.
Det burmesiske padaungfolket er kjende for å «forlenga» halsen hjå kvinner ved å dekka han med tunge massingringar]]. Det er ikkje eigentleg halsen som blir lengre, men ribbeina som blir klemde ned.
Lang hals
Nokre dyr er kjende for å ha lange halsar, til dømes sjiraffar og vadefugl.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads