Ambolten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ambolten (av latin incus «ambolt») er ein liten amboltforma knokkel, og den midterste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret. Ambolten overfører vibrasjonar frå hammaren lateralt til stigbøyelen medialt.[1] Namnet kjem av at den liknar på ein ambolt.

Struktur
- Sjå òg Høyreknokkel.
Ambolten er den andre av høyreknoklane — dei tre knoklane i mellomøyret som jobbar med å overføre lyd. Den er forma som ein ambolt, og har ein kort lem og ein lang lem som peikar ut frå artikulasjonspunktet med hammaren.[2]:862
Funksjon
Utdjupande artikkel for dette emnet er Høyrsle.
Vibrasjonar i mellomøyret blir tekne imot av trommehinna. Hammaren ligg på trommehinna og formidlar vibrasjonar til ambolten. Denne formidlar vibrasjonane vidare til stigbøyelen.[2]:862
Historie
Incus er latinsk og tyder «ambolt». Den blei fyrste gong skildra av den italienske filosofen og legen Alessandro Achillini. Den siste delen av den lange lemmen blei tidlegare skildra som ein eigen «fjerde høyreknokkel» av Pieter Paaw i 1615.[3]
Fleire bilete
- Øyretrompeten er opna gjennom eit snitt langs den lange aksen.
- Hovudet og nakken hjå eit 18 veker gammalt foster, med Meckels brusk og tungebeinet.
- Det ytre øyret og mellomøyret opna frå høgre framside.
- Høyrebeinskjeda og dei tilhøyrande leddbanda sett frå framsida i eit vertikalt tverrsnitt av trommehola (cavitas tympani).
- Høyreknoklar
- Trommehola, canalis facialis og den indre halsarterien.
- Høyreknoklar og trommehole. Djup disseksjon.
- Høyreknoklar, ambolt og hammar. Djup disseksjon.
Remove ads
Sjå òg
- Denne artikkelen nyttar anatomisk terminologi. For ei oversikt, sjå anatomisk terminologi.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads