Amen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Amen (hebraisk אָמֵן, āmēn), arabisk gammalgresk ἀμήν, amên; arabisk آمین, āmīn(a); arameisk/klassisk gammalsyrisk ܐܡܝܢ, 'amīn)[1] ) er ein liturgisk sluttformel som tyder 'det står fast'.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Amen (fleirtyding).

Ordet vert bruka til å avslutte bøner, som i Salmane 41,14: «Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Amen, amen.»[2] Ordet kan stå uomsett i Bibelen, eller det kan vere omsett med 'sanneleg', som når Jesus innleier ei utsegn med eitt eller to amen: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»[3]

Innanfor kristen liturgi vert ordet bruka til å avslutte Fadervår og når kyrkjelyden skal slutte seg til ei bøn eller velsigning.

I eit folkeleg munnhell heiter det «sikkert som amen i kyrkja» om ting vi kan kjenne oss sikre på at vil inntreffe.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads