America av Neil Diamond

song av Neil Diamond From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«America» (òg kjend som «They're Coming to America» eller «Coming to America«) er namnet på ein patriotisk song skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond i 1980 som ein del av The Jazz Singer. Songen vart ein hit i USA i 1981 og nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 vart den sjette singelen til Diamond som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.[1] Billboard vart rangert som den 62. beste popsingelen for 1981.[2] Sjølv om det kan høyrast ut som eit konsertopptak, vart songen spelt inn i studio, og lyden av publikum lagt på sidan.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Temaet i songen er ei positiv tolking av innvandringa til USA både tidleg på 1900-talet og i dag. Songen endar med at den tradiosjonelle patriotiske songen «My Country, 'Tis of Thee» vert blanda inn.

Songen var mellom nytta som kjenningsmelodi for presidentkampanjen til Michael Dukakis i 1988 og som marknadsføring for sommar-OL i 1996. Diamond song òg songen ved hundreårsjubileet for Fridomsgudinna.[3]

Kort tid etter terroråtaka i New York 2001 endra Diamond teksten på «America» noko på konsertane sine. I staden for «They're comin' to America», mot slutten vart det «Stand up for America».[4][5]

Trass i den patriotiske meldingar vart han av Clear Channel Communications rekna med blant songane som vart rekna som upassande etter 11. september-åtaka.[6]

Remove ads

Andre versjonar

New Age-pianisten David Lanz spelte ein versjon av songen av albumet Finding Paradise.[7]

Den argentinske rockeartisten Laureano Brizuela spelte òg songen, på spansk, i 1989.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads