Amerikaslangehals

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Amerikaslangehals
Remove ads

Amerikaslangehals (Anhinga anhinga) er ein fugl i gruppa slangehalsar. Han lever i den sørlege delen av Nord-Amerika, i Mellom-Amerika og i den nordlege delen av Sør-Amerika.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Amerikaslangehalsen er ca. 85 cm lang og har eit vingespenn på 117 cm. Han veg ca. 1 350 gram. Fuglen er svart, og likner derfor på ein skarv, men slangehalsane kan kjennast igjen på den lange halsen sin som har gjeve dei namnet «slangehals».

Åtferd

Amerikaslangehalsen et fisk, som han dykkar etter. Han mangler gumpkjertel som kan produsera vassavstyøtande olje. Dette gjer at slangehalsen ikkje kan symja slik til dømes skarvar gjer, sidan fjørene trekk til seg vatn som gjer fuglen tyngre.

Status

Amerikaslangehals er verna i USA etter Migratory Bird Treaty Act.[1] Arten er rekna som livskraftig. Ein kjenner ikkje det nøyaktige talet på individ, men fuglane er utbreidde i det 15 000 000 km² store leveområdet sitt.[2]

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads