Amfibium
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Amfibium eller padder er firbeinte eller sekundærte beinlause dyr som lever både på land og i vatn og manglar amniotiske egg. Dei er vekselvarme, det vil seie at kroppstemperaturen er avhengig av omgjevnadane, og er i stand til å pusta over kroppsflata. Det er beskrive rundt 6000 nolevande artar, mange sterkt truga av utrydjing. Amfibia omfattar froskar, padder, salamandrar og ormeamfibium.
Remove ads
Utvikling

Dei første store amfibiegruppene utvikla seg i devontida frå ferskvasslevande kvastfinnefisk (eller lungefisk?) med finnar omdanna til bein. Fleire artar på denne tida kunne bli fleire meter lange, noko berre særs få japanske salamandrar gjer dei etter i dag. Me reknar me at desse dyra erobra landjorda for å unngå å bli jakta på, men dei møtte òg eit par utfordringar der oppe: Dei hadde korkje vasstett skinn eller vasstette egg, og hovudføda deira var framleis i vatnet.
I karbontida flytta amfibia seg opp i næringskjeda og fekk ei rolle som tilsvarar den krokodillane har i dag. Dei åt både store insekt, som levde på land, og fisk som levde i vatn. Gjennom permtida og tidleg trias vart dei derimot utkonkurrerte av proto-krokodiller; krypdyr som overtok nisjene deira. Dette førte til at amfibia migrerte til kaldare strøk (sidan dei i motsetnad til urkrokodillane kunne gå i dvale) eller vart mindre.
Remove ads
Systematikk
- Underklasse Labyrinthodontia (utdøydd)
- orden Ichtyostegalia (utdøydd)
- orden Temnospondyli (utdøydd)
- orden Anthracosauria (utdøydd)
- Underklasse Lepospondyli (utdøydd)
- Orden Adelospondyli (utdøydd)
- Orden Aïstopoda (utdøydd)
- Orden Nectridea (utdøydd)
- Orden Tuditanomorpha (utdøydd)
- Orden Lysorophia (utdøydd)
- Underklasse Lissamphibia
- Orden Anura (froskar og padder)
- Orden Caudata (salamandrar)
- Orden Gymnophiona (ormeamfibium)
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads