Amoc

From Wikipedia, the free encyclopedia

Amoc
Remove ads

Amoc (fødd 24. desember 1984 i Enare i Finland), eigentleg Mikkâl Antti Morottaja, er ein samisk rappar som rappar på enaresamisk.

Kjappe fakta Fødd, Fødenamn ...

Amoc har sjølv skildra musikken sin som ikkje spesielt samisk, ut over at han rappar på samisk.

Remove ads

Karriere

Amoc starta karrieren sin med å rappe på finsk i 1997, men gjekk seinare over til å rappe på enaresamisk. Han opptrer mest i Nord-Finland og Noreg.

Amoc sin debutsingle Šaali kom i desember 2006. Debutalbumet slapp han på den samiske nasjonaldagen 6. februar 2007 på Tuupa Records, finansiert av Anarâškielâ servi. Wimme Saari var også med på albumet.

21. september 2018 kom det ein ny single, Čuđeh, som er eit samarbeid mellom Amoc og Niki Rasmus. Med på singelen er også Heidi Gauriloff. Temaet er tsjudane, som i tidlegare hundreår røva og herja blant samane.

I tillegg til Amoc er også faren Matti Morottaja og storebroren Petter Morottaja aktivt engasjerte for enaresamisk.

Diskografi

Album

  • Amok-kaččâm  (2007)

Singlar

  • Šaali (2006)
  • Kiälláseh (2016)
  • Kuobârpoolvâ maŋa (2016)
  • Čuđeh (2018)

Med på andre sine album

Meir informasjon Artist, Låt ...

Publiserte tekstar

  • Morottaja, Mikkâl Antti 2019: Suomârâp uarjih. i: Domokos, Rießler, Schlosser 2019: Worte verschwinden fliegen zum blauen Licht. Samische Lyrik von Joik bis Rap. Freiburg: Samica.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads