Amrum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Amrum
Remove ads

Amrum (frisisk Oomram) er ei av Dei nordfrisiske øyane i Tyskland. Øya ligg i Nordsjøen og er ein del av distriktet Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein. Ho har eit areal på 20 km² og om lag 2 300 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Det er fem landsbyar på austkysten: Wittdün, Nebel, Norddorf, Süddorf og Steenodde. Den vestlege halvdelen av øya består stort sett av store sanddyner. Den høgaste av desse er 32 meter.

Medan Nebel, Norddorf og Steenodde er svært gamle frisiske bygder, vart Wittdün grunnlagd som ein badeby på 1800-talet. Han har dagleg ferjesamband med Dagebüll på fastlandet og Wyk (på Föhr). Det er lov med bilar på øya.

Dei tre kommunane på øya, Nebel, Norddorf og Wittdün, høyrer til amtet Föhr-Amrum

Thumb
Amrum
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Amrum


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads