Symfoni nr. 9 av Beethoven

From Wikipedia, the free encyclopedia

Symfoni nr. 9 av Beethoven
Remove ads

Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125 er den siste symfonien skriven av Ludwig van Beethoven. Han blei fullført i 1824. Han er rekna som eit romantisk musikkstykke som danna eit førebilde for vidare romantisk komponering. Verket er særs kjent, og er rekna som eit av dei største meisterverka til Beethoven. Symfoniane er ein av dei mest framførte i verda.[1][2]

Kjappe fakta Komponert, Urframføring ...
Thumb
Ludwig van Beethoven på eit måleri frå 1820, fire år før han fullførte den niande symfonien. Han var praktisk talt døv på denne tida.
Thumb
Den tolvte sida i Beethoven sitt originalmanuskript

Delar av Friedrich Schiller sitt dikt Ode an die Freude (Ode til gleden) blir sunge av solistar og eit kor i siste satsen. Beethoven var den første store komponisten som brukte menneskestemmer saman med instrument i ein symfoni.[3] Symfonien sette eksempelet for bruk av songstemmer i den romantiske symfoniforma.

Remove ads

Form

Symfonien har fire satsar, merka som følgjande:

  1. Allegro ma non troppo, un poco maestoso
  2. Molto vivace Presto
  3. Adagio molto e cantabile Andante Moderato Tempo I Andante Moderato Adagio Lo Stesso Tempo
  4. Recitative: (Presto Allegro ma non troppo Vivace Adagio cantabile Allegro assai Presto: O Freunde) Allegro assai: Freude, schöner Götterfunken Alla marcia Allegro assai vivace: Froh, wie seine Sonnen Andante maestoso: Seid umschlungen, Millionen! Adagio ma non troppo, ma divoto: Ihr, stürzt nieder Allegro energico, sempre ben marcato: (Freude, schöner Götterfunken Seid umschlungen, Millionen!) Allegro ma non tanto: Freude, Tochter aus Elysium! Prestissimo: Seid umschlungen, Millionen!

Beethoven braut med prinsippet som gjaldt i wienerklassiske symfoniar då han plasserte scherzo-satsen før den rolige satsen. Dette var fyrste gongen han gjorde dette i en symfoni, men han hadde gjort det slik i nokre tidlegare verk. Også Haydn hadde dette arrangementet i nokre av sine verk.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads