Scherzo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein scherzo er eit musikkstykke med livleg karakter. Ordet scherzo er italiensk og tyder spøk. Den typiske scherzo går i tredelt takt, men unntak finst, mellom anna i Ludwig van Beethovens 18. sonate for piano.
Scherzoen opptrer alt hos Joseph Haydn som tredje sats i symfoniar og kvartettar i staden for den rolege menuetten, men det var Beethoven og Franz Schubert som først brukte scherzoer i stor grad.
Av og til finn ein òg scherzoer som enkeltståande stykke, mellom anna hos Felix Mendelssohn og Frédéric Chopin.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Scherzo» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads