Andøybrua

vegbru i Andøy From Wikipedia, the free encyclopedia

Andøybrua
Remove ads

Andøybrua er ei spennbetongbru (bogebru) som ligg i Andøy kommune og går over Risøysundet mellom RisøyhamnAndøya og Hinnøya. Ho er del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 750 meter, seglingshøgd på 30 meter og eit hovudspenn på 110 meter. Brua har 21 spenn.

Kjappe fakta Type, Stad ...

Andøybrua vart opna 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.

Andøybrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.

Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads