Bru

byggverk laga for å kryssa eit visst område From Wikipedia, the free encyclopedia

Bru
Remove ads

Ei bru er ein konstruksjon laga for kryssing av til dømes elver eller juv. I nyare tid er det òg blitt vanleg å byggja bruer over smale havstykke, som sund eller fjordar. Bruer kan bli brukte for å letta trafikken, både ved fotgjengararbruer over vegar og jernbanespor eller bruer for tog eller vegtransport over ei anna ferdselsåre.

Thumb
Bogebru i Firenze.
Thumb
Svært enkel bjelkebru.
Thumb
Nordhordlandsbrua, både flytebru og skråkabelbru

Å byggja bruer er ein kunst som ingeniørar har imponert med i tusenår. Romarane er kjende for å ha bygd bruer overalt der riket deira spreidde seg.

Remove ads

Brutypar

Thumb
Lunde bru er ei tørrmura bogebru

Det finst fleire typar bruer, frå enkle til svært innvikla.

  • bjelkebru er ganske enkelt ein tjukk bjelke brukt som bru.
  • bogebru er forma som ein boge, og presset blir leia til fundamentet av brua.
  • hengebru er ei bru som er forankra med kablar frå høge tårn på kvar side og kanskje undervegs på brua.
  • skråkabelbru er òg forankra i høge tårn, men her står kablane i ei vifte ut frå tårna
  • flytebru er ei bru som ligg på vatnet, halde oppe av si eiga oppdrift. Har gjerne pontongar for å få stor nok oppdrift.
  • klopp er ei lita gangbru av stokkar eller stein
  • vindebru
  • utkragingsbru er ein variant av bjelkebru der spennet blir gjort kortare ved å mure utkraging frå begge sider slik at det dannar ein sterk «utkragingsbue»[1]
Thumb
Døme på utkragingsteknikk i tørrmur, detalj av Horndøla bru frå 1810.
Thumb
Golden Gate Bridge er ei hengebru.
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads