And Your Bird Can Sing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«And Your Bird Can Sing» er ein song av den engelske rockegruppa The Beatles, og vart første gong gjeven ut på albumet Revolver i 1966. Songen vart skriven av John Lennon, men er på sedvanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Arbeidstittelen på songen var «You Don't Get Me».
Teksten, med tilsynelatande gåtefulle referansar til grøne fuglar, kjære eigendelar og sju underverk, kan kanskje vere ein psykedelisk inspirert visjon av røynda.
Lennon har seinare referert til songen som «skrekkeleg» og «eit venstrehandsarbeid» og kalla han «ei tom eske med flott innpakkingspapir». I eit stort intervju med magasinet Playboy uttalte Lennon kort før han døydde at han sjølv vurderte denne songen som sin dårlegaste nokon gong, med unntak av «Dig a Pony».
Innspelinga har den same særeigne gitarlyden som pregar resten av Revolver, og vert innleia med ein karakteristisk tostemt gitarintro spelt av George Harrison og Paul McCartney. Innspelinga vart gjort den 26. april 1966.
Remove ads
Medverkande
- John Lennon – solovokal, rytmegitar, klapping
- Paul McCartney – harmonivokal, bass, sologitar,[3] klapping
- George Harrison – harmonivokal, sologitar, klapping
- Ringo Starr – trommer, tamburin, klapping
- Personell per Ian McDonald, bortsett frå der andre nemnde.[4]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «And Your Bird Can Sing» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Turner, Steve. A Hard Day’s Write: The Stories Behind Every Beatles’ Song, Harper, New York: 1994
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads