Anders Fogh Rasmussen
dansk økonom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anders Fogh Rasmussen (fødd 26. januar 1953) er ein dansk politikar frå Ginnerup i Danmark. Han har mellom anna vore leiar for Venstre, statsminister i Danmark og generalsekretær for NATO.[1]
Remove ads
Karriere
Rasmussen var leiar for Liberal Ungdom 1970–1972 og Venstres Ungdom 1974–1976, og har hatt fleire styreverv i det danske næringslivet.
I perioden mellom 10. september 1987 og 18. desember 1990 var han skatteminister i Danmark, og frå 18. desember 1990 til 19. november 1992 var han skatteminister og økonomiminister.[2]
Han var formann for partiet Venstre, og var statsminister i Danmark mellom 27. november 2001 og 5. april 2009. Han er dermed den lengst sitjande statsministeren frå Venstre og den einaste som har sete kontinuerleg i tre valperiodar.
Rasmussen vart utnemnd til generalsekretær i NATO den 4. april 2009. Kort tid etter utnemninga trekte han seg som statsminister i Danmark, følgeleg vart statsministerposten gjeven til den dåverande nestleiaren i Venstre Lars Løkke Rasmussen. Rasmussen var generalsekretær i NATO frå 1. august 2009 til 1. oktober 2014.[3][4]
Remove ads
Bibliografi
- Opgør med skattesystemet (1979)
- Kampen om boligen (1982)
- Fra Socialstat til Minimalstat (1993)
Som medforfattar
- Den truede velstand (1980)
- Slaget om landsbyen (1981)
- Liberal Ungdom gennem 75 år (1983)
- Handelen år 2000 (1985)
- Bolig og økonomi (1987)
- Danmark år 2000 (1987)
- Arbejdslyst og velfærd – en umulig cocktail? (1993)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads