Anders Talleraas

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anders Talleraas
Remove ads

Anders Talleraas (fødd 4. februar 1946) er ein norsk næringsdrivar og politikar frå Brattvær i Møre og Romsdal. Han representerte Møre og Romsdal og partiet HøgreStortinget frå 1977 til 1997, perioden 1989-94 var parlamentarisk leiar for Høgre.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Talleraas vart utdanna maskiningeniør. Han dreiv næringsverksemd i industrien, med base i Molde, til dess han vart vald innpå Stortinget i 1977. Dei to fyrste fireårsperiodane på Tinget var han med i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, perioden 1981-85 som leiar. I sin tredje periode var han leiar for Finanskomiteen. Talleraas vart vald til parlamentarisk leiar for Høgre hausten 1989, då Jan P. Syse vart leiar for ei koalisjonregjering beståande av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. I stortingsperioden frå 1989 var han medlem av Forsvarskomiteen og av Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Hausten 1993 vart han attvald til si femte periode på Stortinget, og heldt fram som medlem av Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Då Stortinget tok til på ny sesjon i oktober 1994, hadde Talleraas mista tillit i Høgre-gruppa og han trekte frå vervet som parlamentarisk leiar. Han sa nei til vidare stortings-kandidatur i 1997.

Etter han slutta som rikspolitikar, levde Talleraas av styreverv i næringslivet. Mellom mykje anna for firma innan fiskeoppdrett, og som styreleiar i Avinor 2002–06.

Talleraas og fleire andre tidlegare stortingsrepresentantar vart frå 2008 granska for å ha mottatt urettmessig store stortingspensjonar. Gjennom fleire rettsrundar vart Talleraas dømt for å ha fått utbetalt rundt 2,6 millionar kroner for mykje i stortingspensjon. Endeleg dom vart forkynt 6. desember 2012 i Borgartings lagmannsrett, og lydde på seks månaders ubetinga fengsel for grovt aktlaust bedrageri.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads