Kjeglesnittflate

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjeglesnittflate
Remove ads

Ei kjeglesnittflate eller ei andregradsflate er ei flate som har den eigenskapen at snittlinja som oppstår når flata blir skjert av eit plan, alltid er eit kjeglesnitt. Dei vert framstilt analytisk ved andregradslikninga F(x, y, z) = 0 mellom dei tre romkoordinatane x, y og z. Kjeglesnittflata kan reknast som ein analogi i rommet til kjeglesnitta i planet. Kjeglesnittflater vert geometrisk inndelt i ellipsoide (med kula som spesialtilfelle), éinkappa og tokappa hyperboloide, hyperbolsk og elliptisk paraboloide, sylinder og kjegle. Kjeglesnittflater kan generaliserast til n-dimensjonale rom som flater definert ved ei andregradslikning.


Meir informasjon , ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads