Andrew Howe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Andrew Howe (fødd 12. mai 1985) er ein italiensk friidrettsutøvar som har tevla internasjonalt på 200 m og i lengdehopp. Han vann EM-gull i lengdehopp i 2006 og VM-sølv i same øvinga i 2007.
Remove ads
Aktiv
Howe er fødd i Los Angeles i USA, flytta med mor si til Italia då han var fem år gammal. Han vart juniorverdsmeister i lengdehopp i Debrecen i 2001. Tre år seinare vart han i Grosseto verdsmeister for juniorar både i lengdehopp og på 200 m. I begge tevlingane stod han for framifrå prestasjonar, høvesvis 8,11 m i lengde og 20,28 sekundar på 200 m. Tida på 200 m gjer at han i 2014 framleis er på andreplass på den italienske statistikken over 200-meterløpar, etter Pietro Mennea med legendariske 19,72 sekundar.
I 2004 deltok Howe i dei olympiske leikane i Aten, der han vart slått ut i forsøksløpa på 200 meter. To år seinare vart han europameister i lengdehopp i Göteborg. I finalen hoppa han 8,20 meter, etter å ha nådd 8,33 meter i kvalifiseringa.
Ved innandørs-EM i 2007 låg Howe på fjerdeplass med 7,93 m etter fjerde omgang i finalen. I sitt femte forsøk hoppa han 8,30 meter. Dermed vann han ein suveren siger med 28 centimeters forsprang til toaren, Louis Tsatoumas frå Hellas.
Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka sette Howe i siste omgang ny italiensk rekord med 8,47 m. Hoppet såg ut til å sikre han gullmedaljen, men i det aller siste hoppet i tevlinga sikra Irving Saladino frå Panama seg sigeren med eit hopp på 8,57 m.
Etter å ha vore skadd i eit par sesongar var han tilbake på friidrettsbana i 2010. Han vart nummer fem i lengdetevlinga i EM 2010, på slutten av sesongen imponerte han då han vann 200 m på 20,30 sekundar i eit stemne i Milano.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 2004 i Aten: Utslått på 200 m
- EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje i lengdehopp – 8,20 m, framom Greg Rutherford (8,13 m)
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje i lengdehopp – 8,47 m, bakom Irving Saladino (8,56 m)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 8,12 m
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads