Osaka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Osaka er den tredje største byen i Japan. Byen ligg på Honshu ved munningen til elva Yodo i Osakabukta. Byen er det administrative senteret i Osaka prefektur i regionen Kansai. Osaka er eit av dei viktigaste industriområda og hamnebyane i Japan.
Osaka vert ofte kalla «nasjonens kjøken» (天下の台所 tenka no daidokoro) og har historisk sett vore det kommersielle senteret i Japan, og storbyområdet Osaka-Kobe-Kyoto er det nest største i Japan med 18,6 millionar innbyggjarar[1] etter Stor-Tokyo, som har 37,7 millionar. Sjølv om Yokohama er ein større by enn Osaka, kan han ikkje måle seg med storbyområdet til Osaka, og har berre om lag 5 millionar innbyggjarar.
Eit uvanleg forhold i Osaka er forholdet mellom folketalet på dag- og nattestid på 141 %[2], noko som viser Osaka si økonomiske og kommersielle rolle. Medan folketalet på natta er om lag 2,6 millionar, er det på dagtid 3,7 millionar menneske i byen. Berre Tokyo har fleire.
Remove ads
Bydelar
Osaka har 24 bydelar:
- Abeno-ku
- Asahi-ku
- Chuo-ku
- Fukushima-ku
- Higashinari-ku
- Higashisumiyoshi-ku
- Higashiyodogawa-ku
- Hirano-ku
- Ikuno-ku
- Joto-ku
- Kita-ku
- Konohana-ku
- Minato-ku
- Miyakojima-ku
- Naniwa-ku
- Nishi-ku
- Nishinari-ku
- Nishiyodogawa-ku
- Suminoe-ku
- Sumiyoshi-ku
- Taisho-ku
- Tennoji-ku
- Tsurumi-ku
- Yodogawa-ku
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads