Andy Murray

From Wikipedia, the free encyclopedia

Andy Murray
Remove ads

Andrew Murray (fødd 15. mai 1987) er ein britisk tennisspelar frå Glasgow i Skottland. Han var rangert som den andre beste tennisspelaren i verda i 2009, og som nummer 4 i verda i 2011.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Under sommar-OL 2012 vann Andy Murray gull i tennis for menn singel og sølv i blanda par. Han har nådd finalen i fire Grand Slam-turneringar: US Open i 2008, Australian Open i 2010 og 2011 og Wimbledon-turneringa i 2012, men tapte alle fire, tre av dei for Roger Federer og ein for Novak Đoković.

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Andy med broren Jamie (venstre) under Japan Open i 2011.

Andy Murray er son av Will og Judy Murray. Familien var over middels interessert i idrett.[2] Morfaren hans, Roy Erskine, var profesjonell fotballspelar for Hibernian, Stirling Albion og Cowdenbeath.[3][4][5][6] Bror hans, Jamie Murray, er også profesjonell tennisspelar, mest i par-turneringar.[7] Etter at foreldra skilde lag då han var ni budde Andy og Jamie med faren.[8] Murray var elev ved Dunblane High School, og opplevde Dunblane-massakren i 1996.[9][2]

Som 15-åring blei Murray spurt om han ville trena med Rangers Football Club på deira fotballakademi, men takka nei for å kunna satsa på tenniskarriera i staden.[10]

Thumb
Andy Murray vann Cincinnati Masters i 2008.
Remove ads

Karriere

Andy Murray kom inn på topp-10-lista til Association of Tennis Professionals for første gong den 16. april 2007. Han har vore i semifinalen i fleire Grand Slam-turneringar, seinast i Australian Open 2012, der han tapte for Novak Đoković i fem sett. Murray har spelt på det britiske Davis Cup-laget i åra 20052007. Han har spelt totalt tolv Davis Cup-kampar, og har vunne sju.

Då Andy Murray tok OL-gull i 2012 var det første gong ein mannleg britisk tennisspelar oppnådde dette sidan 1908. Då han kom fram til finalen i Wimbedon-turneringa i 2012 var det første gong på 74 år ein britisk mann hadde oppnådd dette.[11]

Remove ads

Resultat

Olympiske leikar

Singel: 1 (1–0)

Meir informasjon Resultat, År ...

Mixed double: 1 (0–1)

Meir informasjon Outcome, År ...

Grand Slam

Singel: 4 (0 titlar, 4 gonger tapande finalist)

Meir informasjon Resultat, År ...

Privatliv

Murray er sambuar med Kim Sears, som ofte er til stades under kampane hans.

Helseproblem

Murray har delt kneskjell («delt kneskål»), ein tilstand der kneskåla ikkje veks saman til eitt bein i tidleg barndom, men blir verande i to delar.[12] Han fekk diagnosen som 16-åring og tok då ein pause frå tennisen i eit halvår. Murray tek seg ofte til kneet under kampar og har også måtta trekka seg frå turneringar av same grunn.[13] Likevel klarer han seg rimele godt takka vere ulike behandlingar.[14]

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads