Angara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Angara (russisk Ангара́) er ei 1779 km lang elv i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj, søraust i Sibir i Russland. Ho er den einaste elva som renn ut frå Bajkalsjøen og er ei av kjeldeelvane til Jenisej.[1]
- Angara er òg eit alternativt namn på kontinentet Siberia.
Angara renn ut frå Bajkalsjøen nær Listvjanka og renn ordover gjennom byane Irkutsk, Angarsk, Bratsk og Ust-Ilimsk i Irkutsk oblast. Ho snur så vestover og inn i Krasnojarsk kraj, og munnar ut i Jenisej nær Strelka (40 km aust for Lesosibirsk).
Stykket av elva nedanfor samløpet med Ilim vart tidlegare kalla for Øvre Tunguska (russisk Верхняя Тунгуска, Verkhnjaja Tunguska).
Remove ads
Demningar og reservoar
Tre store vasskraftverk er bygd langs Angara sidan 1950-åra.
- Irkutskdemninga, som dannar Irkutsk-reservoaret fyller elvedalen frå kjelda til Irkutsk og har heva vassnivået i Bajkalsjøen noko.
- Bratskdemninga, som dannar Bratsk-reservoaret.
- Ust-Ilimsk-demninga ved Ust-Ilimsk, dannar Ust-Ilimsk-reservoaret.
- Bogytsjanyjdemninga (under bygging), ved Kodinsk
Transport

Angara vert nytta til transport i fleire stykke av elva.[2][3][4]
- frå Bajkalsjøen til Irkutsk;
- frå Irkutsk til Bratsk;
- på Ust-Ilimsk-reservoaret;
- frå Bogutsjanyjdemininga til elva munnar ut i Jenisej.
Stykket mellom Ust-Ilimsk-demninga og Bogutsjanyjdemninga har ikkje vore framkommeleg på grunn av stryk. Når Bogutsjanyjdemninga står ferdig og er fylt opp vil derimot delar av dette stykket verte framkommeleg. Ingen av dei fire demningane er utstyrt med sluser.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads