Angela Merkel
tysk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Angela Dorothea Merkel (fødd Angela Dorothea Kasner, 17. juli 1954 i Hamburg) er ein tysk politikar. Ho var leiar for det kristelegdemokratiske partiet CDU. Frå 22. november 2005 til 8. desember 2021 var ho tysk kanslar.[1][2] I 2007 var ho president for G8-landa. Forbes Magazine kåra Merkel til verdas mektigaste kvinne 15. gongar.[3]
Remove ads
Remove ads
Bakgrunn
Merkel vart fødd i Hamburg i Vest-Tyskland, men flytta saman med familien til Templin i Aust-Tyskland. Ho voks opp i Templin. Ho tok doktorgraden i fysikk i 1986 ved universitetet i Leipzig.[4] I 1989 engasjerte ho seg i den opposisjonelle partidanninga Demokratischer Aufbruch, som i 1990 gjekk saman med det austtyske CDU.
Etter at Tyskland igjen vart samla i 1990 vart Merkel vald inn i Forbundsdagen. Frå 1991 til 1994 var ho minister for familiedepartementet og frå 1994 til 1998 miljøvernminister i regjeringa til Helmut Kohl.[4]
I april 2000 vart ho vald til partileiar i CDU. I samband med Forbundsdagsvalet 2005 var ho høgresida sin kandidat til embetet som tysk forbundskanslar, mot den sitjande kanslaren Gerhard Schröder. Den 10. oktober 2005 vart det kunngjort at partia CDU, CSU og SPD hadde kome fram til ei avtale om at Merkel skulle verte ny kanslar, ho vart dermed den fyrste kvinnelege kanslaren i Tyskland.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads