Animisme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Animisme
Remove ads

Animisme (av latinsk anima, som tyder sjel) viser til ei religiøs oppfatning om at alle ting i naturen, både levande og ikkje levande har eller kan ha ei sjel. Tru på at det finst ei ånd i kvart tre eller i ein innsjø (til dømes nøkken) er døme på animisme.

Thumb
Folk i sjamanroller frå ulike kulturar som kan fungera som bindeledd med åndeverda.

Omgrepet blir også brukt som eit samleomgrep for sokalla «primitive», «innfødte» eller «stamme»-religionar.[1]

Remove ads

Etymologi

I Oxford English Dictionary (OED) blir opphavet til termen tilskrive Stahl som i 1720 skreiv om anima mundi, men sjølve ordet vart ikkje teke i bruk før på 1800-talet. I følgje OED i 1832.[2]

I sosialantropologi vart termen teken i bruk av den britiske antropologen Edward Burnett Tylor som tok det i bruk i boka Primitive Culture.[2][1]

Animisme er nært i slekt med panteisme.

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads