Anita Ekberg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anita Ekberg
Remove ads

Kerstin Anita Marianne Ekberg (29. september 193111. januar 2015) var ein svensk modell og skodespelar. Ho er mest kjend for hovudrolla i Federico Fellini sin film Det søte liv, med den ikoniske badescena frå Fontana di Trevi i Roma.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Anita Ekberg var dotter av Alva og Gustav Ekberg og voks opp i Östra Fäladsgatan 29 i Malmö.[1]

Karriere

I 1951 vann Ekberg venleikskonkurransen Fröken Sverige. Same året kom til USA for å konkurrere i Miss Universe-kåringa. Den vann ho ikkje, men fekk arbeida som fotomodell og på nattklubbar før ho gjorde ein strålande filmdebut i Hollywood i 1953. Først hadde ho nokre biroller for Universal Pictures i filmane Abbott and Costello go to Mars og The Golden Blade der ho spelte saman med John Wayne og Lauren Bacall.

Howard Hughes ville at ho skulle skifta namn; han meinte at Ekberg var for vanskeleg å uttala. Men ho nekta og meinte at dersom ho vart kjend skulle folk læra seg å uttala namnet hennar, og dersom ho ikkje vart kjend spelte det inga rolle.

Det internasjonale gjennombrotet kom med filmen Krig og fred (1956). Etter fem år i Hollywood drog ho til Italia for å spela inn Det søte liv, Federico Fellini sin film frå 1960 som utgjorde høgdepunkt i karrieren til Ekberg. Ho spelte rolla som Sylvia mot Marcello Mastroianni. I filmen badar ho i ei berømt scene i Fontana di Trevi i Roma.

I november 1961 poserte ho for magasinet Playboy.

I 1963 spelte ho mot Frank Sinatra og Dean Martin i western-komedien 4 for Texas. Deretter var ho knapt med i nokre nemneverdige filmar - unntaket var først i 1987, då ho hadde ei minnesverdig rolle i Intervista. Ho har aldri medverka i nokon svensk film.

Ekberg var gift to gonger: Med den britiske skodespelaren Anthony Steel (1956–1959) og den amerikanske skodespelaren Rik Van Nutter (1963–1975).

Remove ads

Filmografi (utval)

  • 1956 – Krig og fred
  • 1960 – Det søte liv
  • 1960 – Kokottene
  • 1978 – Mord i klosteret

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads