Anna Haag

From Wikipedia, the free encyclopedia

Anna Haag
Remove ads

Anna Margret Haag, til 2008 Anna Margret Hansson, (fødd 1. juni 1986) er ein svensk tidlegare langrennar frå Köping, oppvaksen i Mora. Ho vann i tida 2009-18 OL-gull, seks VM-/OL-sølv og ein VM-bronse.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Haag fekk si fyrste internasjonale medalje, ein bronse, med Sveriges lag i 4 x 5 km stafett ved Ski-VM 2009 i Liberec. Ho tok steget opp i verdstoppen den 21. november 2009, då ho kom på tredjeplassen i ei verdscuptevling i 10 km fristil. Ein månad seinare vart ho på ny nummer tre i eit verdscuprenn, ved det høvet i 15 km klassisk stil. I sin OL-debut, 10 kilometer fristil i Vancouver 2010, kom ho på fjerdeplass. Fire dagar etter tok ho si fyrste OL-medalje då ho gjekk i mål som nummer to i dobbelstarten, einast slått av norske Marit Bjørgen. Seinare i leikane tok Haag endå ein sølvmedalje, saman med Charlotte Kalla på lagsprinten.

Thumb
Anna Haag i 2013

Under Tour de Ski 2010/11 vann Haag ein etappe i 5+5 km dobbelstart. Saman med Ida Ingemarsdotter, Britta Johansson Norgren og Charlotte Kalla danna ho det svenske stafettlaget som under Ski-VM 2011 i Holmenkollen tok sølv på 4 × 5 km. To år seinare kopierte Haag og lagkameratane stafett-prestasjonen i Oslo og tok eitt nytt sølv ved VM i Val di Fiemme. Og vinteren etter vart Haag olympisk meister då Sverige vann 4 x 5 km stafett under dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji. Både i Ski-VM 2013 og OL 2014 stilte Sverige med Ida Ingemarsdotter, Emma Wikén, Anna Haag og Charlotte Kalla. Under verdsmeisterskapen 2017 i Lahti vann Haag sitt tredje VM-sølv i 4 x 5 km stafett. Også ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang var ho med om å vinne ein sølvmedalje i 4 x 5 km stafett.

Haag vart svensk meister 2010 i 15 km dobbelstart og 2011 i 10 km klassisk stil.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads